Klokka er 18.30, temperaturen ute er +4 gradert C og det er skikkelig ruskevêr med regn og vind.
Eg gler meg til alt finevêret vi skal få når dette er over !
Det har vore ein laber dag i pensjoheimen. Nils fekk streng ordre (av meg) om å halde seg i ro i dag, slik at han kanskje kan bli litt betre. Han verker ikkje så mykje når han held seg i ro. Eg var trøtt og urven i dag, sidan eg berre sov 2-3 timar sist natt. Drakk kaffi litt seint i går, det var kanskje ein av grunnane.
Nils har filetert litt fisk innimellom, eg vaska kjøkken og bad til helga. Til middag steikte eg sei. Vi et mest mulig av fisken før vi frys resten. Ufrosen fisk er best. Elles har eg ikkje gjort stort, hadde meg ein god pause med lydbok på sofaen etter middag. No les eg Knausgårds bok "Om vinteren".
I dag skulle vi etter rett vore på Folkestad, men dessverre såg vi oss ikkje syn med det slik stoda var . No håper eg berre at Nils blir bra utan for mykje styr. Sjølv har eg vore låk i ryggen i dag, men eg skuldar på vêret; regnvêr er ikkje så bra for "gikta".Og eg er van med å verke innimellom. Vi har diverse vi skulle ha gjort til jul, men det er no enno nokre dagar att.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
1 kommentar:
God betring begge to!
Legg inn en kommentar