tirsdag, november 03, 2015

Dagbok 2015: 3.november.


Klokka er no 17.00. Temperaturen er + 12 grader C og det har vore stort sett opplett, med små regnbyger. Bilda over er tatt før middag, dei under etter.
Eg var budd på at eg skulle vere maroder då eg vakna i dag, og det var eg. Men det gjekk fort over og eg har ikkje hatt mykje vondt etter dagen i går. Og takk for det. Har likevel tatt det med ro, for å vere i form til møtet i morgon. 
Eg trykte opp nokre ark som vi skal dele ut i morgon, elles har eg styrt med lettare husarbeid. Nils gjekk til Vik for mosjonen si skuld, og eg styrte litt i huset, begynte på middagen, hengde ut klede etc. På nabotomta har dei saga ned nesten alle granene, berre ei står att, den skal kanskje bli julegran på haldeplassen.Men når det er lauv på trea lenger nede, stenger dei også for utsikta mot fjorden.
Då Nils kom att steikte eg sei til middag. Etter vi hadde ete gjekk eg ein liten tur og såg på byggeprosjektet til Jørn, der er det full fart heile dagane. Dei skal forlenge huset utover og bygge altan. Dei har greve djupt ned og køyrt bort mykje masse. Det første som vart gjort var å bygge anleggsveg. Eg likar godt å følge med på alle slags sage-og byggeprosjekt. Eg gjekk ned i Olavsgata og heim den vegen, Så fekk eg sjå julegrana frå den kanten.
Nils måtte ned att på Apoteket, men då tok han bilen. Då han kom heim kvilte vi middag. Det har vore ein litt laber dag, men i morgon har vi mykje å gjere. Vi reknar med at mange kjem på pensjonistmøtet i morgon sidan dei kjem frå banken og skal dele ut premiar til dei som har vore med i "Den gylne spaserstokk".
Planane for julemøtet er også i boks, då får vi besøk av Oddgeir Bruaset. Blant andre.




3 kommentarer:

Hildegard sa...

Bra aktivitet i Pensjonistlaget her også i haust. Det neste er Bokkafe på Kringla den 13.nov i samband med Kulturnatt, så er det Brautaset her den 22. og julebord den 28.nov. Ein del styrearbeid også, så tida går fort.
Eidabesta

Hildegard sa...

Eg meinte sjølvsagt Bruaset. Vi har også hatt tilbod frå Bjarte Sindre, men det får vente...Bokkafeen er blitt ein tradisjon og er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og Pensjonistlaget.
Eidabesta

Besta sa...

Vi fekk også tilbod frå Bjarte Sindre, hanskulle til Volda og ville kome til oss i same "rennet"-men vi måtte takke nei sidan vi alt hadde fullt program den månaden. Det var eg som snakka med han først, men var snar å henvise han til leiaren......

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...