Klokka er 17.15, temperaturen +14 grader, det er overskya og opplett. Regna vel litt tidlegare i dag.
Ikkje veit eg - eg har vore innomhus. I dag er eg litt stolt over meg sjølv, så lenge det varer, for eg har gjort ein kjempejobb (for meg). Eg har studert veldig på korleis eg skulle få vaska og rydda i vaskekjellaren, der er mykje som må flyttast fram og tilbake til dømes. No har eg vore bra eit par dagar, så eg tenkte eg kunne begynne på jobben, og så ta litt og litt. Slik vart det ikkje; når eg først var i gang, så gjorde eg meg ferdig.
Legar og fysioterapeutar seier at eg skal ikkje bøye ryggen min, eg skal ikkje løfte og eg skal ikkje drage. Skubbe har eg lov til. I kjellaren er det: ein frysar (400liter), eit kjøleskap med frysedel, ein gammal kjøkkenseksjon, ei vaskemaskin, ein tørketrommel, ei gammal rulle og ein ergometersykkel. Alle desse tinga skulle fram og tilbake. Fekk litt hjelp av Nils, men mesteparten greidde eg sjølv.
Når eg vaskar foregår det ikkje på den gamle, gode måten med klatring opp og ned. No blir det godt såpevatn og mopp med langt skaft. Det får vere bra nok.
Etter vaskinga dusja eg meg sjølv. Eg kjenner sjølvsagt at eg har gjort noko utom det vanlege, men spenninga ligg i korleis eg kjenner meg i morgon. I alle fall har eg eliminert eitt problem.
Nils kokte lange til middag, og etter middagen har eg lege på sofaen med lydbok.
Hos naboane nedanfor oss høyrer eg motorsag. Det er ein lifleg lyd, der er nokre store graner som skal ned; det vil resultere i at vi får meir kveldssol og betre utsikt ril fjorden. Eg gler meg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:27.august
Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar