mandag, november 23, 2015

Dagbok 2015: 23.november.

Klokka er 18.45. Temperaturen er + 6 grader og det regnar. Det var vel for mykje forlangt at den fine, kvite snøen skulle få lov å ligge i ro.
I dag skulle eg møte opp på sjukehuset eit kvarter før klokka 12.00, så det vart ikkje gjort noko særleg før vi for. Eg skreiv eit lite avisinnlegg før eg dusja og gjorde meg klar. Vi må alltid rekne oss god tid når vi skal på sjukehuset, for det er oftast vanskeleg å finne parkeringsplass. Vi var på plass på venterommet kl.11.30, og klokka 12.10 var vi på heimveg. Slapp inn eit par minutt før tida, og sjølve "fotograferinga" var for gjort.
På heimvegen stansa vi på Amfi; eg handla på Coop og Nils gjekk ein tur opp i gata. Det er ikkje ofte han kjøper noko til seg sjølv utan eit visst press, men i dag investerte han i eit par "vinterjoggesko" med piggar. Det var ikkje akkurat joggesko, men slike litt høge. Han skal ha dei når han mokar snø etc. Han har enno ikkje kome seg heilt etter det store fallet.
Då vi kom heim kokte han brosme til middag, mens eg laga ei vaffelrøre. Vi pausa ei lita stund før eg begynte å steike vaflane, og så kom Margrete og drakk kaffi med oss. Det er kjekt å få besøk !
Neste veke har vi eit relativt strengt program, med Julebord i pensjonistlaget på onsdag, og konsert i Fosnavågen på fredag. Trur ikkje eg kjem til å stresse så mykje med jula i år, men det er rart med det når tida nærmar seg.
No har eg rippa ei bok som Margrete kom med, så har eg festa trådane på eit lestepar som vart fullførte i går. La opp eit nytt par med det same, men eg kan ikkje strikke så mykje utan at ryggen protesterer.

1 kommentar:

solveig sa...

Flott at han kjøpte seg piggsko. Det er ikkje sikkert det går like bra neste gong - om det skulle skje igjen...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...