fredag, november 13, 2015

Dagbok 2015: 13.november

Klokka har berre så vidt passert 15.00, så det er litt tidleg å skrive dagbok. Men sidan eg må halde meg oppreist til håret er tørt, kan eg like godt gjere noko nyttig.
Ute vekslar det med regn og opphald, og så er det vind. VIND likar eg veldig godt-og her i Ørsta er vind mangelvare. Det er visst høg flo også, men opp til oss rekk den ikkje. Temperaturen er + 6,6 grader, eg er glad så lenge den er over 0 og vi slepp frost og snø.
I dag heldt eg meg på kjøkkenet heile føremiddagen, gjorde i stand diverse til i morgon, og laga dobbel porsjon fiskegrateng av fisk som Nils fiska i går. Vaska opp med hand, for å spare plass i maskina. Berre tull sjølvsagt. Kva har ein oppvaskmaskin til ?
Vi åt tidleg middag, så vi var klar til å drikke kaffi då Margrete kom innom for å hente reservenøklane til bilen sin; ho skal ha den på sørvis. Nils brukar å ha eine nøkkelen i dei tilfella vi skal legge noko inn i bilen hennar-noko som skjer av og til.
I dag fekk eg brev frå Helse Møre og Romsdal. Eg snakka med legen min i går, og vi vart enige om at eg skulle ta eit røntgenbilde av hofta og foten min. I dag kom brevet om at eg skal møte opp måndag den 23.nov. på sjukehuset i Volda. Eg synest det var hurtig levert.
I morgon skal vi feire Nils sin 79-årsdag i lag med nærmaste familie. Vi er ikkje så mange her i distriktet akkurat no, blant anna er det fire av slekta i Oslo for tida. Den blir som vanleg ein liten forsmak på jula den 14.november dette året også. Kan ikkje bryte ein lang tradisjon.
Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...