torsdag, november 12, 2015

Dagbok 2015: 12.november




Klokka er snart 17.00. Temperaturen ute er + 7 grader C og det har vore ein lysare dag enn på lenge. Og jammen fekk vi sjå sola ei lita stund også.
Nils hadde avtale med Matias om at dei skulle sjøsette båten i dag. Dei reiste utover ca 9.30. Avtalen var at dei skulle fiske viss det var bra vêr og det var det. Dei fekk berre småsei, men det er også godt. Nils driv og skal lage middag no, mens eg skriv.Dette må han gjere sjølv!
Eg vart heime åleine heile føremiddagen, og fekk unna mykje arbeid. Først vaska eg kjøkken og bad, og etter ei lita pause rakk eg å støvsuge teppegolva også. Det får vere vel nok helgereingjering.
Då Nils kom heim tok vi oss ei brødskive og ein kaffikopp. Og så la eg meg på sofaen med lydbok. Det var så kjedelig at eg somna fleire gonger. Så prøvde eg ei anna bok, men merka at eg ikkje hadde lyst å lese den heller akkurat no.
Eg undersøkte opningstida til biblioteket og så tok vi turen dit. Fann eit par andre bøker som eg kan prøve, og så bestilte eg andre boka til Elena Ferrante "Det nye namnet". Eg sjekka først på data om den finst på lydbok, og det gjer den. Eg er nr.3 på lista, så no får eg håpe dei som har den før meg les fort!
Vi gad ikkje å fare på butikk i kveld, det er sikkert noko vi manglar i morgon uansett.
Elles så fryda eg meg over at dei hadde fått plass til referatet frå pensjonistmøtet på ei side utanom "folkeliv"-sidene. Dei har problem med å få plass til dei lange referata på dei sidene, sa dei. Då spurde eg om dei ikkje hadde andre sider i avisa. (Dei har no plass til alt mulig anna, stolne båtar t.d.)


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...