søndag, september 06, 2015

Dagbok 2015: 6.september

Klokka er no 19.20, temperaturen ute er + 12 grader C, det er skya opphaldsvêr.
No sit Nils på stova og ser fotball, mens erg sit på "rommet mitt" og høyrer lydbok, mens eg strikkar.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag, men det er heilt greitt.Eg er ikkje i form til lange turar.
Før middag ringde ei veninne frå Bergen, så vi hadde ein prat. Mens vi prata forsvann Nils ut for å "ause båten". Eg fann ut at eg like godt kunne begynne å lage middag. Eg hadde planlagt å lage Solveig si "Karrigryte" og  hadde alle ingrediensane klar, med unntak av kyllingbulliong. Så eg tok kalvefond i staden. Gryta blei god, men litt tam, så eg forsterka den med litt riven ingefær og ein liten bit chili. Ingefær og chili har eg alltid i frysaren. Eg tek ein bit ingefær under varmtvasskranen ein aungeblink, skrellar med teskei, og så kan eg raspe den. Solveig si oppskrift er berekna til born, og ikkje alle like det like sterkt, eg måtte ha litt meir sting i den, og Nils meinte den var "nesten Kina", noko eg tok som ein komliment.
Etter middagen somna eg tvert på sofaen og visste ikkje å vakne igjen, men greidde det til slutt. Eg har lettare for å somne om dagen enn om natta. Trur eg må vere eit "nattdyr".
Denne veka er det ikkje noko spesielt som skal skje, det eg veit, så vi får kanskje finne på noko. Det som begrensar oss er problema mine med å sitte(i bilen) og å gå. Håper å komme meg til att eetter kuren.
No er det like før sola skin!

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg bruker å følgje oppskrifta første gongen, så kan eg eksperimentere neste gong. Vi ha i skvåsj t.d når eg har. Her vart det ertesuppe kokt på ein fenalårknoke. Eg serverte frøbrød til. Deigen hadde heva over natta. Tenkjer alltid på Erlend når eg lagar det...

Besta sa...

Men det er ein fordel å ha ei oppskrift i "botnen". Eg hadde ein masse krydder som eg kunne tenkt meg å bruke, men avstod frå det fordi eg var redd for crash-frisk ingefær er sjeldan feil. Ertersuppe, ball og brennsnut ser eg på som vintermat, og eg held på sommaren. Men det er no godt. Saknar mandagane med Margrete og ungane, då vart det laga meir mat.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...