mandag, august 03, 2015
Dagbok 2015: 2.august
Klokka er ca 0.30, temperaturen er + 13 grader C og det har vore relativt bra ver i dag. I dag gjekk føremiddagen med til å gjere klart og vente på gjestane, som kom klokka 16.45. Då blei det lasagne som vanleg. Gutane fann seg fort til rette, og vi vaksne har mykje å prate om. Vi har fleire datamaskiner i bruk, men akkurat no skriv eg på brettet. Eg har kokt makrell som vi skal ete kald i morgon. Men som Vebjørn seier: "Det er ikke alle som liker så godt fisk." Så vi må vel ha eit alternativ. Margrete og Ingeborg er komne att frå hundeutstilling.Det gjekk bra med Charlie.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.oktober
På TV:Mor og dotter på Grønland.(Eg kjenner dei ikkje, men såg dei på TV) Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar lit...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar