mandag, juli 06, 2015

Dagbok 2015: 6.juli


Klokka er ca 18.30. Temperaturen er + 17 grader det er skodde og grått, men minimalt med regn.
Dagen i dag har gått fort. Føremiddagen gikk med til matlaging etc. og då gjestane kom ca 13.30 gikk tida som ein røyk med det vanlege programmet: Mat og prat.
Eg var litt i tvil om kva eg skulle lage i dag, men enda opp med Lasagne+ salat. Til dessert: Prinsessekake og kaffi. Kombinasjonen virkar kanskje litt underleg, men eg lagar slikt eg veit fell i smak -og det gjorde det. Ikkje noko er så kjekt når ein lagar mat som at folk et! Dessutan slepp ein restar, noko eg set pris på.
Det vart ikkje tatt meir enn to bilde i dag, og det var litt dumt, for i dag hadde Margrete med seg alle fire barna + Charlie.
Begge bilda eg har er av Ingeborg med bjølla som Svein reparerte til oss. Eg har alltid trudd det var ei kubjølle, men no har vi begynt å tvile. Kvifor skal ei ku ha riksvåpenet på bjølla si ? Har skrive meir om det på FB.
No har eg rydda opp litt, og så skal eg finne fram lydboka mi. Margrete kom med to papirbøker til meg, framhald av Kråkejenta.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...