torsdag, juni 04, 2015

Dagbok 2015; 4.juni

Klokka er 18.30, temperaturen er ca 9 grader C. Vêret er som vanleg, vått og grått, men det skal visst bli fint når det lid ut i månaden. Eg går framleis i vinterklede og vel så det, ikkje at det hjelper så mykje mot gikta.......
I morgon skal eg altså på jubileum på Velle skule-150 år sidan den starta opp-og mykje vatn har rent i havet på den tida.
Eg fann ut at eg var nøydd til å investere i ei sid strikkajakke, sidan eg har så mange side toppar-og eg må kle meg godt.
Vi reiste til Volda og Møre konf. der eg er stamkunde, og etter kvart blitt godt kjend med butikksjefen, som er frå Honndalen. Eg fann fort ei jakke som eg likte, den var ikkje til halv pris, så denne gongen måtte eg betale det den kosta. Men det er eit plagg eg kjem til å BRUKE.
Nils har lenge vore på jakt etter ein ny "glilldress"- han hadde ein Adidasdress som han likte godt og ville ha noko liknande, men den typen finst visst ikkje lenger. Vi var innom to sportsbutikkar på Spinneriet utan å finne noko, og så stakk vi innom Skogstad. Der var ein ung ekspeditør som snakka nesten berre engelsk. Men vi greidde å kome fram til ei svart bukse og ei turkis jakke, som vi likte begge. Jakker har han mange av frå før, men han får heller gi til ei innsamling, litt nytt må til innimellom.
Og så kom det uunngåelige spørsmålet frå Nils: "Skal vi gå og ete lunsj?" Og då meiner han kinamat. Og det blei det.
Vi var innnom Amfi på heimvegen og handla litt mat, men så slapp vi å lage middag då vi kom heim.
Det vart litt trakking i dag, så det kjennest i hofta mi. Veldig irriterande, for i går var eg bra. Låg lenge på sofaen med lydbok, før eg stod opp og sette brøddeig, som no står til heving. Eg har tenkt å lage ein deig til, det går for det same når eg har rotet for meg.Vi har brød i frysaren, men brød treng vi støtt. Eg vil ikkje påstå at eg er så flink å bake, men eg ser at viss vi somme gonger må kaste brød (til fuglane) så er det kjøpebrødet som blir vraka.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...