onsdag, juni 03, 2015

Dagbok 2015: 3.juni


Klokka er 17.45, temperaturen ute + 12 grader, og det er ikkje heilt fritt for at sola skin litt- merkeleg nok.Det er vel vinden som kom så brått som jagar skyene vekk. 
Heile føremiddagen pøsregna det, og det såg ikkje lyst ut for dei som hadde tenkt seg på fotballkamp på Høddvoll. Nils kledde seg godt mot vind og vêr og reiste utover. Eg var glad eg slapp å vere med.
Før middag i dag var eg så lettsindig at eg las siste plata av boka mi. Hadde lese den i natt også, men på nattes tid får eg sjeldan med meg alt. Elles så løyser eg både Sodoku og kryssord samtidig som eg les. Eg strauk nokre klede, og så tok vi turen til Berkneset og på Amfi. Då vi kom heim steikte vi karbonader til lunsj/middag.
Fekk melding frå biblio om to bøker eg kunne få hente, og Nils henta dei til meg. Det var flott å få nye bøker i dag sidan eg var lens for lesestoff. Eg rippa bøkene og strikka, mens Nils slappa av før kampen.

Etter at han reiste støvsuga eg alle teppegolva, vaska opp og vaska klede; oppvask og klesvask kan vel knapt kallast arbeid i vår tid.
Eg har vore i bra form i dag, men det å strikke er ikkje det luraste eg gjer, så det blir ikkje mange maskene for dag.
 Kvar onsdag er det regatta på Ørstafjorden, då plar alle seglbåtane i hamna segle ut og inn fjorden. I dag såg eg berre ein båt-men det var frå altanen her.
Ein kan seie kva ein vil om vêret i år, men det har vore eit godt plen-år så langt. 
Graset veks!

4 kommentarer:

solveig sa...

Graset treg berre seks plussgrader, har eg høyrt! Plenen dykkar er spesielt fin.

Besta sa...

Har aldri vore så fin som i år. Det kom nok væte på gjødselen så vi slapp brunsvidde bøter.

solveig sa...

Gler meg til Blindgang. Såg forfattaren på frukost-tv.

Besta sa...

Har lagt den inn på minnepennen din. Eg er ikkje spesielt begeistra for Lier Horst.Og slett ikkje for opplesaren.

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...