mandag, juni 15, 2015

Dagbok 2015: 15.juni



I dag vil vi gratulere Hilde med dagen. Eg hugsar så godt den dagen ho vart fødd. Vi budde på Melle, og mamma var på besøk. Det var sommar og sol og nydelig vêr. Men så fekk vi eit kort i postkassa, der stod det at Audny hadde fått ei syster. Audny var berre eit par månader over året. Mamma var ikkje til å stoppe, ho måtte heim til Eid og det nye barnebarnet.
Den tida hadde vi verken telefon eller data, så nyhendene var ikkje fullt så nye som dei vi får no for tida. I dag vart det jo født ein liten "prins" i Sverige-og det fekk vi vite med ein gong.
Kronprinsessa i Sverige er for øvrig fødd på mamma sin fødselsdag 14.juli. Vi var i Sverige den dagen, men tok beine vegen heim for å rekke å gratulere mamma. Så vi gjekk glipp av fødselen.
Eg følgjer tradisjonen til bestemor Hilda og gratulerer heile familien til Hilde med dagen. Håper det er ein god dag i huset ved elva- der Hilde bur med mann, fire søner og ein stor hund.

.....................................................................
Klokka er no 19.00, temperaturen er + 10 grader og vi har nettopp hatt ei lita regnbyge. Surprise, surprise !
Elles har det vore ein relativt aktiv dag i Starevegen. Nils var ein tur på Amfi før middag. Eg bytta på sengane, vaska golv, hengde opp klede etc. Golvvask er noko som røyner på ryggen, så eg er litt låk no, men håper det går over til i morgon. Elles så driv vi og vaskar golvtepper-dei som er så store at dei ikkje går i maskina. Saknar badekaret ! No må vi vaske dei i nokre store plastbaljar som Nils plar bruke til fisk.
Etter lunsj, tok vi ein tur å Rystelandet og kjøpte kalksalpeter. Plenen er ikkje like grøn som han var, men salpeter skal hjelpe.Vi var også på Plantasjen og kjøpte ein Thuja, som vi planta på grensa til naboen. Der er tre stk. før, men der var behov for ein til.
Då måtte eg berre legge meg strak ut på sofaen ei stund, og så laga vi middag. No er det kaffi og TV på programmet.

3 kommentarer:

Elin sa...

Heilt utruleg å sjå kor ung Bodil var på dette biletet! Kjekt innlegg!

Hildegard sa...

Ja, Olaug har god hukommelse. Koseleg innlegg!
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Tusen takk for flott bursdagshelsing!

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...