lørdag, juni 13, 2015

Dagbok 2015: 13.juni

Klokka er 17.45, temperaturen er + 14 grader, det er delvis skya og sol innimellom. På TV er det framleis prinse-bryllaup men eg tek det opp. I dag hadde vi lyst å finne på noko, men ingen av oss hadde idear. Det vart til at vi tok ein tur til Sæbø og kika innom Nilsbuda.
Eg let falle eit ord om at vi kanskje kunne ta ferja over og køyre Nordangsdalen, og det vart Nils med på. Vêret var grått og kjølig, så vi gjekk inn på bakeriet og kjøpte oss kaffi og skillingsbolle men vi venta på ferja.
På Urke var vêret litt lettare, vi stoppa ved gartneriet og kjøpte tomat og agurk. På Øye måtte eg berre ta bildet av hotellet. Sist vi reiste forbi var det diskusjon om påbygging-og strid om korleis tilbygget skulle sjå ut. Heldigvis vart det ikkje noko av, så hotellet er som før.
Så gikk turen opp Nordangsdalen- med ein liten stopp ved Lygnstøylvatnet.Det vatnet som vart til då eit ras demnde opp elva og ei heil seter vart lagt under vatn. Vatnet må vere heilt stiltom ein skal sjå setermurane på botnen. Det var det ikkje i dag.






Det ligg mykje snø i fjella i år, og store brear heilt ned mot vegen. Naturen kan somme gonger arte seg som reine kunstverk.

Dette bildet minner om eit bilde som bror min har måla frå Nordangsdalen, men der er fleire liknande stader.


Vi køyrde ikkje ned til Hellesylt i dag, men rake vegen til Honndalen. Vi stoppa på rasteplassen ved Honndøla bru, og tok bilde av den flotte, gamle steinbrua.

Vi stakk innom Plantasjen sidan vi var på dei kantar, kjøpte eit par plantar og to sekker med bork.
Vi kom heim så vidt vi rakk bryllaupet i Stockholm, men laga oss middag og åt langsmed. No har Nils fått i gang grasklipparen-han klipper og klipper! Men han brukar den sjølvgåande klipparen og klipper BIO så då slepp han å løfte og bere graset.
Om prinsebryllaupet kan eg seie mi meining: Brura er søt og naturleg, kjolen tradisjonell og fin. Mor hennar såg veldig avslappa og enkel ut. Den flottaste dronninga var 75-år gamle Margrethe, i sin stilige og enkle mørkraude kjole; Sonja sin gule kjole var ikkje etter min smak-den var nesten sjølvlysande. Men det var "gjenbruk", og det er jo viktig. Eg likte ikkje så godt Mette Marit sin kjole heller.Elles har eg ikkje sett alle enno. Kjem vel reprise, eg fekk ikkje tatt opp heilt frå begynnelsen.


 Vi har ei brud i hagen.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser vi er samde om antrekka!
Fine bilde! Det ser ut som de har hatt finare ver enn oss.

Besta sa...

Såg, etter at eg hadde skrive på bloggen, kva du hadde skrive på FB-men det kom berre inn på Nils.

Anonym sa...

interessant å lese om turen de hadde og å sjå bilda - eg har i dag vore på dobbel sommarkonsert med ørstakoret - i kyrkja og på kunsthuset, det var kjekt. mvh Torbjørn i nabolaget.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...