lørdag, mai 23, 2015

Dagbok 2015: 23.mai


Klokka er 17.00. Temperaturen ute er +8,4 grader og det har regna ein god del i dag også. Og i dag då vi stod opp var snøen komen lenger ned enn i går.No ser eg litt lys av sola, og epletreet har begynt å blomstre så vidt det er.

Eg har ikkje vore lenger i dag, enn ut og henta inn rabarbra.
Det første eg sette i gang med i dag tidleg var å lage fiskepudding av lyr. Det vart tre  puddingar, og sju fiskekaker av deig som vart til overs.Eg brukar Gunda si oppskrift, men utan løk. Brukar aldri løk i fiskemat som skal frysast. Fiskekakene åt vi til lunsj i dag.
Nils hadde av tale med ein tidlegare arbeidskamerat på Amfi i dag klokka 12. 00, men eg vart ikkje med nedover. Eg brukte åleinetida til å lese, og til å lage rabarbragrøt med svisker, a la "Grunnlovsdessert", slik som Solveig serverte 17.mai. Vi hadde verken krem eller vaniljekrem, men vi har enno att ein liten rest med vaniljeiskrem, så den fekk tene. Nils et ikkje ofte dessert, men rabarbragrøt kan han ikkje motstå. Eg brukar fruktsukker-og så lite som mulig.
Etter lunsj la eg meg på sofaen med lydbok og somna tungt. Det er giktvêr og sovevêr-og eg likar det ikkje. Vi har ingen planar for pinsa, vi har jo fri heile året, så vi kan feriere når vi vil. No skal eg sette på ein klesvask -har nettopp sett på plass ein oppvask. Nils for på butikken for å handle, eg trudde det var stengt sidan det var pinsafta, men det trudde ikkje han. Så får vi sjå kven som har rett.
No skin sola ute, og det er som ei anna verd.
Eg har sikkert fortalt det ørten gongar før, men her i Ørsta er det skikk og bruk å brenne pinsebrising (bål). Pinsebrisingen skulle loge, men jonsokbrisingen skulle ryke, sa dei før i tida.
Der var ikkje ope på butikken -som eg trudde- så no får vi prøve å overleve på det vi har i hus i to dagar. Det går heilt sikkert bra.
Eg gler meg til MGP i kveld-synest det er kjekt uansett kven som vinn.
God pinse.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...