fredag, mai 22, 2015

Dagbok 2015: 22.mai

Klokka er 19.00. Temperaturen ute er 4,4 grader C og det regnar og regnar og regnar......dvs. det snøar i høgda; fjelltoppane har fått nysnø heilt ned i skoggrensa og vel så det. Giktvêr er det også, for dei som plagast med det.
Eg har site og lese ut lydboka mi, mens Nils har vore ute ein tur, no har han benka seg framfor TV-en. Fotball er liksom den store interessa i tillegg til fisk og plen. Eg er fullstendig uinteressert i sport på TV - men vi har heldigvis dataen også.
I dag vakna eg nokså maroder, men fekk no støvsuga skikkelig alle teppegolva, før eg dusja og vaska håret. Då tok eg fram att ull-tightsen, som går heilt ned på anklane, strikkalester etc, og så tok vi ein tur til Vik. Eg måtte blant anna handle litt malersaker; sandpapir maskeringsteip og eingongshanskar. Ja, og så var det medisin og mat.
I dag stakk vi bortom den nye, fine Gjenbruksbutikken. Det var ikkje noko spesielt eg var ute etter, men plar no kjøpe noko lite når eg først er der. I dag vart det 6 sotfarga glasasjettar til 10 kr stk.
Men eg såg nokre fine koppar som eg kjem til å angre på at eg ikkje kjøpte. Der var 8 like, kvite med mønster i gult og lyseblått. "Svensk" design med andre ord. Dei var 15 kr settet (kopp, tefat og asjett). Koppane var ganske tynne med god fasong.
Sidan vi hadde ete kokt fisk i to dagar, kjøpte eg svinekotelettar til middag i dag. Det smakte godt som ein variasjon- og om lag det billigaste ein kan kjøpe. Det blei litt sløving på sofaen etterpå, og så las eg altså ut boka. Den nest siste plata las eg visst to gonger, for eg visste ikkje så nøye kor langt eg var komen.
Eg har lyst å strikke, men det går ikkje så bra for ryggen min. Litt dumt no når eg har handla så mykje garn.
Eg har fått det for meg at det er laurdag i dag, men sidan det berre er fredag vil eg nytte høvet til å ønske alle ei fin pinsehelg. Nils sa her ein dag at det alltid plar vere fint vêr i pinsa, så får vi håpe det beste. Så snart sola kjem fram, vil epletreet vårt stå i full blomst.


1 kommentar:

solveig sa...

Vi skal heldigvis få ein fin dag i morgon. For veret i dag har vore trist, men greitt nok til full dag på jobb og frisør etterpå ...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...