torsdag, mai 21, 2015

Dagbok 2015: 21.mai

Klokka er 17.15. Temperaturen er + 11 grader. Det er overskya, men det har vore opphaldsvêr det meste av dagen, så langt.
I dag var Nils oppe i gryotta, men det var ikkje eg. Eg vakna til  tomt hus, men visste at han var ute for å drage garn, sidan han sette i går kveld. Det leid ut på føremiddagen før han kom hein. Han hadde fått nokre lyrar, ein liten sei og eit par småtorskar.Grunnen til at han vart så lenge var at garna hadde sett seg faste i botnen, men han hadde fått dei opp til slutt.  
Torskane vart middagen vår i dag, ikkje så ofte vi får den slags fisk. Eg vart så innpoda av mor mi om at ein berre skulle ete torsk i månader med R i at eg var litt i tvil om eg skulle ta sjansen. Men torsken var god den, så då er det vel berre å legge til ein R i maRi ? Vi har nettopp ete, så det blir vel kaffi snart.
Eg sette i gang med malingsprosjektet mitt mens eg var her åleine. Hadde litt trøbbel i dag, sidan malinga hadde stått for varmt sist natt og var svært flytande. Og så har eg problem med å bøye meg, klatre - ja, det meste i grunnen- så eg held ikkje ut så lenge. Men eg har så lyst å halde på!
I dag kom dei frå Tussa og sjekka telefonen vår, dei trudde kanskje vi hadde lagt inn "vekking" (utan å ville det)-men det var ikkje det som var gale. Dei sette att ein annan telefon, så no blir det spennande om den også ringer klokka 1.00.
Elles har eg stroke og hengt opp gardinene att på det vinduet som no er ferdigmåla.
Eg gler meg til MGP, andre semifinale, i kveld. Spennande å sjå om Norge blir med i finalen. Eg har Australia som favoritt, likar glade, fengande låtar, sjølv om der er mange fine balladar med. Margrete plar alltid tippe rette vinnaren, så eg får høyre på henne.
Skulle i grunnen ha vore på butikken og handla, men veit ikkje om eg orkar i kveld. Det er ein dag i morgon også
Har lese ein del i den nye lydboka mi -krim frå Island. Det mest interessante er den historiske konteksten; Island før, under og etter 2.verdenskrig.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...