søndag, april 05, 2015

Dagbok 2015: 5.april


Klokka er 20.00, temperaturen er + 5 grader C og det har vore ein overskya og litt våt dag.
For mitt vedkomande har påska i år stort sett dreia seg om mat og prat. Ingen fjellturar eller annan mosjon. Men det er kjekt å vere i lag med familien. Vi har jo stort sett god tid-no er det dei yngre som sit i den såkalla "tidsklemma". I løpet av vel ei veke har vi hatt tre meir og mindre store samlingar. I dag bad vi Margrete og ungane på ballj. Det er ein rett som eg aldri lagar når vi er berre to, etter at det vart slutt på ballett-besøka i fjor.
Etter at vi hadde gjort alt klart såg vi gudstenesta på TV- for å komme i "påskestemning".
Eg høyrer framleis svært lite på venstre øyret, så akkurat det er litt slitsomt både når ein skal følge med i ein samtale og når ein ser TV.Men eg håper det skal komme seg når eg får spylt øyrene etter helga.
Reknar med at eg må gå på eit par møter i løpet av veka, og fredag reiser vi til Solund om alt går etter planen.
Eg tok ikkje bilde i dag, så eg "låner" Margrete sitt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...