tirsdag, mars 24, 2015
Dagbok 2015: 24.mars
Klokka har passert halv seks, og det begynte å bli lite sol på altanen, så eg gjekk inn. Det har vore ein nydelig dag, litt skyer først, men etter kvart heilt klårt. No er temperaturen + 7 grader C. Nils fekk lyst å fare ut for å fiske småsei, så eg er heime åleine. Men eg har Jussi! (lydbok)
Før middag var eg veldig flittig, fekk rydda og vaska litt både her og der-ikkje nødvendig å gå i detaljar. Nils var til frisøren og fekk klipt håret.
Vi hadde tidleg middag, i dag fann vi pølser i frysaren. Etter middag reidde eg opp solsenga mi, og låg der og las og sov eit par timar. Eg er ikkje i form til å gå tur, så då blir altanlivet eit alternativ. Der er i alle fall sol og frisk luft.
Det er fint ute i hagen no; Nils raka vekk litt rusk i dag. Vi vart sittande på ein benk å sjå på ei humle som for frå den eine krokusen til den andre nede på plenen. Som eg sa til Nils: Ein har jammen god tid når ein kan sitte og sjå på ei humle ! Men som alle veit, er humlene grunnen til at vi menneska kan leve her på jorda.
Snart blir det gras og plenslått, då blir det meir å henge fingrane i.
Det er heilt utruleg at vêret kan skifte så mykje frå den eine dagen til den andre, men eg håper vi kan få ein finevêrsdag eller to til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Fantastisk flott stjernehimmel i kveld!
Ja, var ut på altanen ein tur, og fekk nesten sjokk -då eg så kor store og klare stjernene var !
Legg inn en kommentar