onsdag, februar 25, 2015

Dagbok 2015: 25. februar

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 4 grader. Det har vore overskya og litt regn i dag. Nils reiste ut for å fiske før eg var oppe, han var i lag med Kjell R. i dag. Det vart ikkje storfangst, men litt fekk dei.
Mens han var vekke, dusja eg og kledde meg - nesten klar for kvelden. Vi var på Kulturhuset for å dekke bord etc. frå klokka 12.00, og i dag var vi berre tre, så det gjekk litt lenger tid enn vanleg. Men vi fekk oss ein liten pause før vi skulle ned att før halv fire.
Møtet gikk greitt unna. Sjølv hadde eg i oppgåve å lese årsmeldinga. Eg har verken sceneskrekk eller mikrofonskrekk lenger, så det er ikkje noko eg gruar meg til. Så vart eg attvald til å vere sekretær i enda to år, noko som var avklart på førehand. Ros for arbeidet fekk eg også, det syntest eg var litt flaut. Eli fortalde frå Islandsturen og viste bilde. Etter at møtet var slutt kom først Ingeborg, så Margrete innom; dei skulle på teater. I morgon må eg skrive referat- det plar gå bra når eg først kjem i gang. No skal eg slappe av. Skal begynne på krimbok nr.4- og så ser eg fram til Anno.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at du fekk fornya tillit.
Vi hadde også årsmøte i går, på Kringla. Triveleg og lett stemning. Eg var ikkje på val, så eg held fram som kasserer eitt år til.
Eidabesta

Besta sa...

Det er fint at du tek jobben. Nils og eg reviderer rekneskapen til Mållaget i tilleg til at vi engasjerer oss i pensjonistlaget, så eg føler vi gjer litt for samfunnet. Det er ingen ting som gjer seg sjølv. Det er ingen som har lyst å ta jobben frå meg, og eg er glad for at dei er nøgde med arbeidet mitt. Eg synest det er greitt, det er bra å måtte skjerpe seg litt.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...