fredag, februar 13, 2015

Dagbok 2015: 13.februar

Klokka er 18.00, temperaturen ute er  + 3grader C. Opplett, men overskya heile dagen.
Eg har som vanleg halde meg inne; Nils har vore i garasjen og filetert fisk etc.- og ein tur på butikken.
I går var eg i storform, og fekk gjort mykje, det straffa seg i dag. Det verste eg skal gjere er å sitte og strikke. Det gjorde eg i går mens eg rippa bøker. Så i dag har eg ikkje gjort så mykje, slik at eg skal vere i form i morgon.
Hadde heller ikkje mykje på programmet, men skulle i alle fall lage ei kake. Det gjekk greitt, og då eg hadde fått den i omnen, ringde ei veninne, og så prata vi til kaka var steikt og vel så det.
Så var det å rydde og vaske opp, og ta ut av oppvaskmaskina då den var ferdig etc.etc. Ting tar tid- ! Så tok eg ei lita stund ved dataen og la bøker inn på ein minnepenn til Solveig.Utrulig kor mykje ein får inn på ein sånn liten dings. 
Eg kom i hug ein mannleg kollega som forkynte for heile lærarrommet at Olaug forstod data! (Dette er mange år sidan !) Dessverre forstår eg ingen ting av datamaskina, men det gjeld også andre ting som vi omgir oss med. Eg forstår ikkje lyspæra ein gong. Men eg kan å slå av og på lyset.Og eg kan bruke mange tekniske hjelpemiddel- utan å forstå bæra!
I morgon skal vi til Hareid på besøk i lag med mange andre. Det blir kjekt å sjå att både den eine og den andre.Vi gler oss.
Så ønsker eg alle ei god helg og ei fin vinterferieveke-for dei som har det!

Bildet: Eirik går no andre året på musikklinja. Dei har i desse daghar hatt stor success med musikalen "Be our guest". Dette er klassen til Eirik, og Eirik er "general". (Kostyme frå musikalen.) Eg har saksa bildet frå FB.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at du engasjerer deg på FB "Gamle Eidabilder". Interessant det du skriv, hugsar godt. God helg og hels til Hareid.

Besta sa...

Eg synest det er litt artig å mimre om gamle Eid i lag med andre. Grunnen til at eg begynte, var at der var så lite stoff frå sentrum.God helg til dokke også-og hels alle dine.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...