mandag, januar 05, 2015

Dagbok 2015: 5.januar

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 5 grader. Det har vore veldig grått og vått i heile dag.
I dag ringde telefonen før vi var oppe, men vi sov ikkje. Det er tydelig at arbeidslivet er i gang igjen! Det var varmepumpe-mannen som ville komme og sjekke pumpa i kjellarleilegheita. Dermed fekk vi ein litt "flying start" på dagen.
Eg hadde som mål for min del å gjere skikkelig reint på bad og kjøkken, og det blei gjort.
Hadde så smått tenkt å støvsuge også, men så lurte Nils på om vi kunne ta ein tur ut i Fosnavågen. Eg veit kva det betyr, det er fiskeutstyr som skal kjøpast inn. Det var ikkje meg imot, og vêret skulle visst vere bra også - der ute. Akkurat når det galdt veret tok vi feil, der var verre enn her. Vi har trass alt litt kvit  snø rundt dørene, der ute var det heilgrått. Men fiskeutstyr har dei. Det vart kjøpt både liner, forsyn, onglar og sen, så no har han visst tenkt å drive stort !
Etterpå skulle vi på stamkafeen vår og ete lunsj, men der var ikkje mykje å få. Der var rettnok ope, men berre to einslege kaker i disken. Det var ikkje stort likare på dei andre stadane vi stakk innom.
Vi tok like godt på heimveg, stoppa berre på Pekas og kjøpte noko skrommel, og handla litt mat på Kiwibutikken ved sidan av. Og så var det rett heim, der vi kokte lange med poteter og gulrot.Dessert hadde vi også, den siste fløytepakken frå jul  var ute på dato, men var fullt brukbar.
Ikkje for  å syte og klage, men eg verker mykje i hofta for tida, i dag har det vore skikkelig gale. Trur det har mykje med vêret å gjere. Eg skriv det berre for å forklare kvifor eg ikkje er ute og går på ski etc.
No har Nils knytt 40 onglar på like mange forsyn. Eg har strikka litt, og så skal eg legge i hop ein klesvask.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...