Klokka er 18.45, temperaturen ute er +3 grader C. Det har vore for det meste opphaldsvêr i dag.
Nils skulle ut og fiske f.m. men det var for mykje vind til å legge utpå. Så han ausa båten og kom heim att. I mellomtida støvsuga eg teppegolva.Så fann han ut at han kunne gå på fredags-sang på Bakk-Ola i staden for fisketuren. Han trudde det begynte klokka 12.00, men då han kom 11.30 var programmet halvkøyrt, så det vart nesten bomtur det også.
Klokka 11.30 gjekk eg bort til naboen, der eg var invitert til formiddagskaffi i lag med eit par andre. Vi fekk god mat, og som vanleg var det nok å prate om. Etterkvart kom også strikketøya fram.
Då eg kom heim att utpå dagen, hadde eg meg ei stund på sofaen med lydboka mi, før eg laga Taco til relativt sein middag.
Elles er det ikkje all verda som skjer her i Starevegen, og det kan no vere like godt.
No skal vi ha oss kaffi, og så blir det vel mykje TV resten av kvelden. Vi er begge veldig opphengde i "Anno", eitt av dei få realityprogramma eg har likt.
Ønsker alle ei veldig god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Spanande "Anno" i kveld.
No les eg lydboka til Anne B. Ragde om mor hennar, litt av ei historie...
God helg til dykk begge.
Når du har lese den må du lese "Arsenikktårnet" som handlar om bestemora. DET er litt av ei historie, det!
Legg inn en kommentar