Himmelen i aust i dag klokka 12.00.
Temperaturen ute er + 9 grader C.
Temperaturen ute er + 9 grader C.
Klokka 23.00: Det har vore ein fin dag med sol langt ned i fjella.Eg nytta føremiddagen til å vaske og støvsuge til helga, for å gjere andre ting i morgon.
Klokka 16.00 var pensjonistane samla for å ta bussen til Fosnavåg og konsert.Han som køyrde bussen er forresten pensjonist sjølv; vi var trygge med Tor ved rattet.
Framme på hotellet fekk vi ei lita omvising før vi sette oss i baren, med kaffi og mat. Vi bestemte sjølve kva vi ville kjøpe.
Konserten begynte klokka 19.30, og eg hadde ikkje dei heilt store forventningane.Men den blei forresten veldig fin! Anita Skorgan var akkurat så enkel og avslappa som vi har sett henne på TV. Og eit fantastisk lydanlegg gjorde at det var flott å høyre på. Allsong vart det også. No skal eg skrive om dette i avisa, så eg tek det lett her.
Sjølve hotellet/kulturhuset var fantastisk flott. Anita Skorgan sa at ho aldri har sett maken."Og jeg juger ikke!"
Legg inn nokre bilde så de kan få eit inntrykk. Scenebildet tok eg utan blitz frå der vi sat.
Dei som var med på turen syntest dei hadde fått ei flott oppleving.
Bjarne og juletreet.
Resepsjonen. Eli og omvisaren.
Frå baren der vi sat før konserten.
Kinosalen. Den var liten, men med verdens beste lydanlegg, vart det sagt.Lengst bak var det luksusstolar, men dei var ikkje dårlige dei andre heller.
Eit møterom. Eg vart heilt sjøsjuk av golvteppet.
Eine veggen var tapetsert med kart av Sunnmørs-kysten.
Sjekk tapeten på veggen til høgre.
Pensjonistane fann seg samtaleparnarar og skravla gjekk.
Til slutt song Anita "For vår jord" som ekstranummer. Elles gjekk det mest i julesongar.
2 kommentarer:
Der ser utruleg flott ut - kanskje minus golvteppet!
Du ville aldri hatt det slik i ein heim, men på eit hotell er det flott. De må ta ein tur til kinoen-trur det blir ei oppleving.Og sjølvsagt konsertar-med det lydsystemet!
Legg inn en kommentar