fredag, desember 05, 2014

Dagbok 2014: 5.desember

Klokka er snart halv seks, og Nils skal til å lage middag. Han skal koke småsei, og når han kokar fisk, toler han ikkje innblanding.
Ute pøsregnar det, og temperaturen er +4-5 grader.
Etter eit par smått hektiske dagar, vart det stillstand i dag. Då eg vakna etter ei litt uroleg natt med Levi H., var Nils reist ut for å ause båten og fiske litt.
Eg hadde planen klar, for eg måtte skrive. Hadde lite eller ingen notatar, så det var best å smi mens jernet var nokonlunde varmt. Det er ikkje berre å skrible i veg, eg må sjekke opp både det eine og andre, ikkje berre passe på rettskringa. Så klokka var 12.30 før eg var nokonlunde ferdig. Då var Nils komen heim og vi fekk ete lunsj.
Etterpå slappa han av , mens eg retta litt på manus. No skal eg la det ligge til sundag, då skal eg finlese og sende. Får vel sende med nokre bilde også, sjølv om dei neppe brukar dei. Har skrive både om møtet og om Fosnavågturen.
For å komme oss ut litt var vi ein tur på Amfi. Gikk eit par runder, ei oppe og ei nede, før vi handla på Coop. Sist vi var der leita vi aldri så lenge etter risengryn, men måtte gi oss på det. I dag såg eg pakkane høgt oppe på ei hylle. Nils rakk ikkje opp, men der kom ein mann som var høgare og hjelpte oss.
I dag handla vi på rabattlappane, og som vanlig leita og leita vi før vi fann alt. Eg skal innrømme at eg var litt sur då der endelig kom ei dame(betjening) og viste oss kvar pølsene låg. Eg spurde om det var nødvendig å ha pølser på minst tre ulike plassar. Det var dei ikkje,sa ho,alle låg på same plass.  Då eg viste henne ein annan stad der det låg pølser, kunne ho opplyse at det var "Lokalprodusert mat"(-t.d. pølser frå Ringdal). Eg klaga over at dei driv og omplasserer varene  heile tida, så ein blir gåande å leite og leite. Men eg sa, som sant er, at det var ikkje hennar skuld. Då vart ho litt blidgjort og gav meg rett i at det er mykje omkalfatring. Det er kjeden som bestemmer korleis alt skal vere. (Og til meir folk leitar, til meir kjøper dei. DET veit eg av eiga erfaring.) NB: det er ikkje berre vi som har problem på denne butikken.
Har ikkje fått lese mykje siste dagane, så det kan hende det var like greitt at eg las "Harpesang" om att. Det var noko først i boka eg ikkje hadde fått med meg, derfor begynte eg om att, og no er eg snart ferdig.
I kveld blir det vel mykje TV, som vanleg på fredagskveldar.
Ønsker alle ei fin helg utan altfor mykje stress.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...