Klokka er 19.00, temperaturen ute ca + 10 grader C og det regnar. I dag har vi knapt sett dagsens lys, dvs. det har vore meir om mindre mørkt heile tida. Energien har vore tilsvarande. Hadde lyst å legge meg att før eg stod opp.
Men i dag hadde vi oppgåver, så vi måtte berre stå på aldri så lite. Vi var på Bakk-Ola og dekka bord mellom 12-13, så var det lunsj heime og litt slapp av før vi kledde oss om. Måtte møte opp i god tid, sidan Nils er assistent til kasseraren og hjelper med billettsalet.
Vi var ikkje så mange som vi plar vere på julemøta, for det er julebord og andre tilstellingar over alt denne tida. Vi var ca 50 som var samla, så då var det god plass. Vi hadde ikkje så mykje program, men folk kosa seg og prata over god julemat. Matias og Jorunn var der og song og Matias snakka om jula, at den måtte vere noko anna enn ein kjøpefest. DET trur eg faktisk den er for dei fleste av oss.
I morgon er det 40 stk. som har meldt seg på turen til Fosnavåg, der vi skal få omvising på det nye kulturhuset, og få vere til stades på Anita Skorgan sin julekonsert. Håper det blir vellykka.
No er eg trøtt, blir veldig sliten i hovudet av så mykje "sollj"- mykje på grunn av det triggar tinnitusen. Så no blir det å slappe av resten av kvelden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar