tirsdag, desember 02, 2014

Dagbok 2014: 2.desember.

Klokka er ca 18.30, temperaturen ute er ca + 3 grader, og i dag har vi hatt regn og litt vind. Det er visstnok varsla både storm og orkan, storm er eg med på, orkan blir litt for drygt. Eg vil ikkje at folk skal få skade på seg sjølv eller eigedomane sine. Dessutan vil eg helst ha straum i huset.
Les ein del flotte blogginnlegg med fine tankar og gode ord. Eg vil berre gjere merksam på at eg ikkje er i den bloggkategorien, dette er ei slags dagbok, verken meir eller mindre.
I dag rydda eg litt i heimen etc. før vi tok vegen til Volda. Ærendet var å kjøpe kjøtt hos Jacobsen. Det er ikkje alltid like enkelt, for dei som ekspederer er sjeldan norske. Den første vi var i kontakt med, uvisst av kva nasjonalitet, opplyste at ho snakka engelsk, men det vart til at ho henta ein annan, som var ganske bra i norsk, så vi fekk det vi skulle ha.
Sidan vi først var i Volda stakk vi innom bruktbutikken for å sjå om dei hadde det juleserviset eg var på jakt etter, men det hadde dei ikkje. Ein av dei som vakta butikken i dag kjende eg att som ein gammal skulekamerat, og eg spurde om han kjende meg. Det gjorde han, men innrømte at det var Nils han kjende att, fordi han har sett så mange fiskebilde på FB. Nokså typisk at når ein møter gamle kjende, så er det sjølvsagt på ein "very bad hair day".
Og sidan vi altså var i Volda måtte vi sjølvsagt ha Kina-mat. Eg kunne ikkje hugse kva vi åt sist gong, etter anbefaling av Kina-dama vår. Men HO hugsa det, så kva står då på?
På heimvegen handla vi på Coop i Furene, og eg stakk innom plantasjen og fekk meg eit par julestjerner og to mini-sypressar. Eg satsar på kvit jul i år-kvite gardiner, kvite blomster etc. -snøen uteblir kanskje i år også.
Då vi kom heim hadde eg ti minutt til å komme meg til frisøren. Der tek det si tid når ein skal både klippe, farge m.m.
Då eg var vel heime etter operasjonen, var er grusomt kaffitørst og trøtt, så no er programmet framover å prøve og halde seg vaken til leggetid.
Eg har ikkje begynt på ny bok enno, greidde ikkje å forlate "Harpesangen" så brått. No må eg sjå kva eg har på lager. Prøvde å lese ei bok på papir, men då fekk eg problem med v.auget. (Det var i si tid grunnen til at eg begynte med lydbøker.) Men bladet Pensjonisten må eg lese på gamlemåten. Bra blad forresten ! I morgon skal eg grave fram "besteklede" og gå på julebord.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...