mandag, desember 01, 2014

Dagbok 2014: 1.desember : Hagearbeid

Klokka er13.45, temperaturen ute er + 8 grader C, det er overskya og opplett. No ventar eg på at blålanga som vi skal ha til middag blir ferdigsteikt.Føremiddagen har vi stort sett brukt til hagearbeid. Nils var flink å lokke meg med ut, elles hadde eg vel vore inne og baka.....Det var herleg ute i dag, og vi fekk gjort ein heil del.
Hovudsaka var å klippe toppane av Thujaane nedst i hagen, og toppane på epletreet ved sidan av. Nils har fjerna blomkarsen nedanfor garasjen, så no fylte vi på med mold og planta tulipanløkar. Og så vart det ein del oppryddingsarbeid. Nils mol kvistar på kompostkverna, mens eg klipte dei som var litt tjukne på til ved. Vi brenn mest mulig, for å male opp til kompost er ganske kjedelig arbeid. Til slutt raka vi. Det er kjekt arbeid, berre synd at ryggen min ikkje toler så mykje bøy og tøy.



Dette plommetreet kjøpte vi for nokre år sidan, det er eit Victoriatre, og kvart år har vi hatt ein gartnar til å klippe og forme det. Derfor kan desse bilda kanskje vere til hjelp for dei som balar med slikt sjølve. Dei andre fire gjenlevande plommetrea, er heimeklipte, og det viser på dei.







3 kommentarer:

solveig sa...

Det er utruleg fint og grønt hos dykk!

Hildegard sa...

Så flinke de er!
Eidabesta

Besta sa...

Ja, vi er kanskje litt FOR flinke i forhold til forma. Men det går vel over.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...