lørdag, november 01, 2014
Dagbok 2014: 1.november
Klokka er ca 18.00, det har vore mørkt ute lenge, grått og regnfullt heile dagen. Temperaturen før middag var +18 grader, no er den 11,5 grader C. Kan ikkje klage på det.
I vått vêr, særleg, blir eg plaga med smerter i føtene, så i dag har eg ikkje vore god. Det var venstre ankelen som slo seg heilt vrang. Men eg må ha vore plaga med det same før, for i skapet mitt fann eg ein "støttebandasje" eller kva eg skal kalle det, som eg drog på meg. Det hjelpte litt, men då eg etter middag la meg på sofaen med tjukke varme teppe, knevarmarar og lydbok på øyret, var det den beste medisinen. Så dette vart ein gørlat dag.
Eg fann ut at eg skulle lage sagopudding i dag, så det gjorde eg, før vi tk ein liten tur nedover. Måtte inn på biblio ein liten tur i dag også, og så var vi innom Amfi for å treffe litt folk. Der var mange ute i samme ærend.
Til middag i dag åt vi røykelaks med poteter, sennepssaus og flatbrød. Litt spesielt, men godt. Men så tømte vi heile skåla med sagopudding til dessert. Og etter det vart det ikkje gjort noko.
Mykje å sjå på TV i dag også, og vi har enno ikkje sett Idol frå i går, men eg veit kven som rauk ut.
Neste veke blir det meir å gjere, med pensjonistmøte onsdag, skriving torsdag, gravferd fredag osb. Og så blir det vel litt husarbeid også etter kvart.
Det er veldig uvant med dette mørke, våte veret, men det tek vel ein ende.Vi har sola lenge enno, om den får kome fram.
Bildet er henta frå Lions-kalenderen frå Eid. Bildet er frå 1949. Der hesjane på prestegarden stod, står det eit nytt opera-/kulturhus.Det store kvite bygget vi ser bak kyrkja er skulen der eg gjekk frå eg var 7-18 år. Skulen brann ned til grunnen, men det var mykje seinare. Sjukehuset er nettopp blitt påbygt. I prestemarka er det berre eitt hus. Det er huset til fru Løvoll, enka etter presten Løvoll som døde siste krigsvinteren.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.august
I dag har det regna, og eg har ikkje sett sola Klokka er no 17.24, temperaturen ute er +15 graderC, og det er nokså over...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar