lørdag, november 01, 2014

Bok nr.68 og 69 - 2014: Innsirkling 1 og 2.




Desse to bøkene har eg lese før, og grunnen til at eg las dei om att er at bok nr.3 endeleg er komen ut. Eg hugsa svært lite frå første gongs lesing, så det var heilt greitt å høyre bøkene om att.
Bøkene er skrivne på nynorsk, og det er heilt greitt, men eg irriterer meg over at forfattaren bryr seg så lite om å følgje vanlege rettskrivingsreglar. Det gjeld til dømes bøyingar av substantiv og verb, og det at han brukar ord som ikkje er "lovlege" i nynorsk. Hadde eg lese bøkene på papir hadde eg vel gått frå konseptane.
Så er det opplesarane. Til dei fleste lydbøkene eg høyrer/les greier forlaga å finne fram til "lokale"opplesarar, noko som gjer bøkene autentiske. I Innsirkling 1 og 2 er handlinga lagt til Namdalen i Trøndelag. Det blir derfor heilt feil for meg når austlendingar les tekstane. Og kvifor brukar dei tjukk l når dei les nynorsk? (Dette er ganske typisk, faktisk). Slike ting kan irritere meg.
Mange likar desse bøkene svært godt, og det gjer vel eg også, for så vidt. Mange av kapitla er veldig gode, andre finn eg mindre interessante, så bøkene verkar litt ujamne på meg.
Sjølve opplegget er originalt. David har mist hukommelsen, og set inn ein notis i avisa der han ber venner og kjende om å skrive til han og om han slik at han kan få att minnet. Mange av dei som kjenner han grip sjansen, dei fortel om barndom og ungdom, om David og familien hans, slik at vi til slutt får oppsummert livet hans, sett frå ulike ståstader. Men dei som skriv fortel også om sine eigne liv. Vi får innblikk i mange skjebnar. Det blir nokså mange fortellingar, og det er fare for å gå litt surr i alle dei involverte. Bøkene handlar djupast sett om relasjonar mellom menneske, og vanskane med å kommunisere.
Alt i alt er det mange svært gode tekstar, og det var kjekt å få lese dei to bøkene i samanheng. Biblioteksjefen har bestilt bok nr.3 og eg står som vanlig først på lista.Eg anbefaler andre å lese desse bøkene

2 kommentarer:

arieldog sa...

Viss nynorsken skal overleve blant folk utanom kjerneområdet, må vi godta både tjukk L og skarre-r, alt ettersom. Elles er eg einig i at det godt kunne ha vore ein trønder som las.

Besta sa...

Den eine opplesaren har skarre-r, men det gjer ingen ting. Austlendingane uttaler mange ord direkte feil -om ein samanliknar med dialektar som ligg nærmare nynorsk. Ein som skreiv på GOD BOK kallar det teaternynorsk (type Ane Dahl Torp).

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...