Klokka er 20.00. Temperaturen er + 13 grader C og det er nydelig vêr og måneskin ute. Tidlegare i dag var det direkte varmt, særlig i sola.
Planane i dag var relativt uklare, særleg sidan Einar vart innlagd på sjukehuset i Volda i går kveld - til observasjon. Han og Olaug var åleine heime, Solveig og Øystein køyrde Håkon tilbake til Oslo.
Eg var ute og jobba litt i hagen på føremiddagen, men vart fort låk i ryggen og måtte gi meg.
Elles har eg vaska og rydda litt på gjesterommet som for tida fungerer som syrom. Ja, ikkje at eg har tenkt å sy noko som helst, men eitt og anna treng ein liten reparasjon.
Så ringde Einar frå sjukehuset, han var undersøkt for det meste, utan at dei fann noko, så han skulle heim. Eg blei med på turen, og vi fekk så vidt snakka litt med Olaug før ho for på trening. Einar var trøtt etter ei natt med lite søvn, så han ville berre ete og legge seg. Fårikål hadde han i kjøleskapet. No er han sjukmeld, så eg håper han kviler seg godt ut.
Vi handla litt på Rema 1000 på heimvegen, og så, etter å ha hengt ut ein klesvask, fekk eg legge meg på solsenga med lydbok. Nils kom og vekte meg og sa at middagen var ferdig. Han hadde kokt lange, poteter og gulrot. Eg hadde laga risengryns -melkesuppe før eg la meg ut, så det vart typisk Solund-mat. Slik som dei hadde i gamle dagar.
Naboane våre, først mannen, så kona, kom med store nett med eple og pærer frå garden sin i Eidsdalen. Så no får eg lage eplekake og hermetiske pærer. Som sagt så både gir og får vi her i gata.
Eg la meg ut att etter middag, men då vart det for kaldt, sidan sola forsvann frå altanen. Nydelege haustdagar, men all vinden har gjort at trea har mist mykje lauv. Denne tida er det ofte veldig fint på Austlandet sidan lauva heng lenger på trea der.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 30.mars
Klokka er no 21.15, temperaturen ute er +3-4 grader C, og det regnar no og då.. Eg sov inderleg godt i natt og på morgonen. Handa er ikkje ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Eg kåra Oppstryn som vakrast på vår tur gjennom landet. Turkis vatn og nydelege haustfargar! Gråare her på eit vis.
Synest hausrfargane er brunare enn vanlig her i år.
Legg inn en kommentar