Klokka er 21.20. Temperaturen er + 11 grader C og det regnar. Tidlegare i dag bles det kraftig, så eg var litt skeptisk når det galdt flyturen til Ingeborg.Ho reiste med toget frå Kristiansand til Oslo og skulle ta flyet til Hovden. Så enkelt vart det ikkje.
Sjølv gjorde eg litt husarbeid før middag, men klokka 12.00 var vi på plass på Kulturhuset for å dekke bord til Eldredag-feiringa.
Åt litt lunsj då vi kom heim, for vi rekna med å forlate pensjonistmøtet før maten kom på bordet. Det skjedde heller ikkje.
Det var kjekt å sette seg lengst bak i salen i dag, utan penn og blokk. Ved samme bord sat redaktøren i Møre-Nytt, han hadde vel ikkje fått andre til å ta jobben klokka 16.00 på ein fredag. HAN hadde penn og blokk + eit avansert kamera, så denne gongen blir det ein skikkelig reportasje i avisa med store bilde.
Programmet gikk greitt, og så kom maten på bordet.
I mellomtida hadde vi fått melding frå Margrete om at Ingeborg hadde måtta ta flyet til Vigra, fordi dei ikkje kunne lande her, grunna vinden. Slikt skjer ikkje ofte!
I staden for å vente på bussen, køyrde Margrete, Eirik og Erlend til Festøya og henta Ingeborg der.
Vi køyrde eit par pensjonistar heim, og var ein liten tur heimom før vi møtte gjengen på Rosabella. Vi hadde bestilt ein pizza som var klar då dei kom. Eg visste at dei var svoltne.Ein stor pizza til gjekk også med.
Kjekt å sjå att Ingeborg-ja, dei andre også, men dei såg vi sist sundag også. Amanda var ikkje med, ho er på konfirmantleir. Såg på FB at Olaug jr. er komen att frå Berlin. Godt når alle er vel heime, men det er alltid nokon som er ute og fartar.
Så ønsker eg alle som er innom bloggen ei GOD HELG ! og for dei som har haustferie blir det i tillegg: GOD FERIE !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:7.september
Den lengste klematisen såg eg ikkje før i dag, blomstrane var i toppen. Eg rotar og stressar for tida, eg gløymer og eg leitar...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar