Klokka er snart halv åtte, temperaturen ute er + 15 grader C.
I dag før middag var det skodde heilt ned, men meteorologane hadde lova fint vêr ut på dagen, så vi tok det ikkje så tungt.
Nils for til Vik og klipte seg, mens eg shina opp kjøkkenet, noko det var stort behov for.
Så var vi ein tur på Amfi i lag og handla diverse matvarer vi var lens for. Der sat tidlegare lensmann og nabo, Ulf Valstad, og selde lodd for Røde kors, så då fekk vi prata med han. Pensjonert postmester Arne Endal var der også, han er frå Måløy, og vi har mange felles kjende. Eg vart sittande og prate med desse to, mens Nils flytta over til Ruth og Harald. Då eg skulle prate med dei, var dei vekk, og Nils hadde fått ein ny samtalepartnar. Når vêret ikkje er så fint, går pensjonistane ofte på Amfi på føremiddagane,der møter ein alltid kjentfolk
Vi laga middag då vi kom heim. I dag steikte eg berre litt fisk i tillegg til den vi hadde att frå sundag. Og etter kvart letta det, og sola kom fram
Det vart ei lang pause før eg kom meg ut og gjekk ein tur rundt Storebakken. Vêret var fint, men skodda kjem visst sigande etter kvart. Nils skal på gruppemøte i SV klokka 20.00, og då får eg "fred" til å lese i boka mi.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar