Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er +15 grader C, og vi har hatt ein aldeles strålande dag. Sol frå skyfri himmel, og skikkelig varmt midt på dagen.
I dag arrangerte Tussa (straumleverandøren) og langrennsgruppa i idrettslaget trimtur for eldre, frå Askjelhaugen og fram på Dalateigane. Langrennsgruppa har reparert bruer og laga fint til turstigen langs elva, og dei har laga lysløype til skigåarane. Eg var ikkje heilt innstilt på å gå turen, sidan starttidspunktet var sett til klokka 10.00 og eg plar trenge ei stund om morgonen før eg er "fit for fight". Men så heiv eg meg rundt, og vi stilte opp.
Det var ganske mange pensjonistar som møtte fram; dei som er med på "Den gylne spaserstokk" brukar å gå tur kvar onsdag klokka 11, men dei hadde no greidd å kome seg på plass ein time tidlegare i dag. Den eldste som var med er 95 år, men ho gikk si eiga rute. Eg har jo ikkje vore i så god form siste halvåret, så det spørs korleis dette slår ut. Vegen er flat, men det vart ca 5 km fram og tilbake. Det er surt å ikkje klare det som dei greier, dei som er ti år eldre. Eg har ingen problem med å gå, men det spørs korleis eg kjenner meg dagen derpå.
Ved enden på løypa var det laga til bord (av kabeltromlar) og benker, og vi fekk kaffi og kaker.
Mange valde å gå vegen tilbake, men Nils og eg gikk same stigen heimover også. Klokka var nesten halv to då vi var heime, så då vart det å ta seg litt mat, og ein pause.
I dag måtte vi slå skråninga igjen, graset veks og veks. Nils slo no mesteparten, eg tok berre ei lita bot.
For å nyte finevêret til siste trevl, la eg meg ut på solsenga med lydboka mi. Så kokte eg ei suppe til sein "middag".
Vi får kalle det ein feriedag.
Artig å lese om Kjell Snipsøyr i Regionavisa i dag. Han som vart fødd i bilen på veg til sjukehuset i Volda. Foreldra har jo for lengst flytta frå Bjørke til Starevegen 12. Det er dei som plukkar tyttebær til oss. Gode naboar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 18.september
Eg var ut på trappa og tok dette bildet. "Regnfulle dager fremover" stod der på PC-en min. Og eg tviler ikkje . Vi må ta det vi få...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Kjekt med fint ver når ein arrangerer utandørsaktivitetar?
Ropeteikn skulle det vere, ikkje spørjeteikn ...
Legg inn en kommentar