Klokka er 21.30. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er skya, men eg ser månen gjennom skyene.Det har vore ein fin, mild dag.
Vi vakna tidlig i dag, og stod opp tidlegare enn vi plar. Gjorde klar litt til middagen, før vi stilte på hundeutstillinga klokka 10.00, ved Ørsta ungdomsskule.
Margrete var veldig spent på korleis det blei å stille ut Charlie, han er no ikkje gamle karen. Dei greidde seg fint, både kvalpen og matmora.
Elles er det litt artig for ein amatør å sjekke ut stemninga på eit slikt arrangement. Det er ein studie i sosialantropologi. Sjølvsagt er ikkje alle hundeeigarar like, men somme er litt likare enn andre.
Her er litt av det eg lærte i dag: Skal du på hundeutstilling , må du ta med deg stol sjølv. Du bør også ha med deg mat, og ev. sigarettar. Humor er forbode, særleg er det ikkje lurt å seie noko "morsomt" om hundane, eller om dressur e.l. Dette er alvor. Så må du ikkje gløyme "øyretyggis" til å klistre på hundeøyra, slik at ikkje øyrene blir ståande rett opp! Katastrofe!Og for all del, gå ikkje tur med hunden før den er minst eitt år gammal. Då kan føtene bli øydelagde. Det er alltid nokre som kjem med gode råd-og dei må du ta på alvor. Ikkje smil!
Det blei tidlig middag, men det gikk bra for alle hadde vore tidlig oppe, med unntak av Eirik som kom rett frå frokosten i Volda. Han hadde spelejobb i går.
Menyen var: Svinesteik og kjøttkaker med heimelaga brun saus. Det er slikt eg kallar bestemormat. Til dessert var det Pavlovakake, som eg hadde laga av ferdigkjøpte botnar. Hadde "fylt" dei før vi for nedover. Det var ikkje lurt, for botnane hadde gått i oppløysing, og var så å seie vekke.
Etter at gjestane var reiste, og eg hadde rydda opp, la eg meg på sofaen med lydbok. Nils slo plenstykka opp mot vegen.
Charlie måtte få kos og litt trøst etter påkjenninga.
Her er tre hundar av samme rase, Charlie lengst til høgre.
Denne mannen har no kjøpt sin tredje samojed. Ein gong for lenge sidan, var han eleven min.Ein nydelig hund har han.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar