Klokka er 19.30. Temperaturen ute er + 16 grader, det er skya opphaldsvêr. I heile dag har vi hatt fint og mildt vêr, temperaturen har vore oppe i + 20 grader C.
I dag skulle vi vere i Sæbøkyrkja i god tid før klokka 11.00, så det var berre å begynne å gjere seg klar etter at vi hadde ete frokost. Det var ei fin gravferd.Etter sjølve seremonien, vart vi bedne til kaffi og mat på bedehuset. Vi fekk nydelig mat, både smørbrød og kaker. Vi kom i prat med folk vi ikkje kjende frå før, det er gjerne folk på vår eigen alder vi møter i slike lag.
Vi måtte ha oss ein pause då vi kom heim, og så hadde vi diverse gjeremål i heimen. Nils hadde fisk han måtte ta seg av, og eg førebudde litt middagen vi skal ha i morgon.
Bildet: Vi har tre sortar clematis, den eine har vi hatt i mange år, den er nokså villig. Men så hadde vi to som ikkje ville blomstre, så eg flytta dei. Den eine har store lavendelfarga blomster og er på det nærmaste ferdig for i år. Men til mi store glede fann eg i dag ein blomst på den tredje planten. Blomsten er mindre enn den lavendelblå, og rosa på farge. Slik kan det gå når ein får ein lang og varm sommar.
Vil ønske alle ei god helg; no gjeld det å nyte kvar einaste finevêrsdag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar