Klokka er 19.15. Temperaturen ute er + 16 grader C. Det er overskya, men opplett. Stilt og fint
Denne dagen har heller ikkje vore så veldig spennande, men det kan vere like godt.
Vi var oppe litt tidlegare enn vanlig, så vi fekk gjort ein del før lunsj. Nils reiste ut for å fiske, eg vaska og støvsuga heile kåken etc.
Etter lunsj vart det ein liten pause før vi var nedover og handla. Eg skulle ha diverse remediar på apoteket, og så fekk vi rabatt-lappar frå Coop som vi måtte bruke.
Eg hadde fått to meldingar frå biblioteket, så eg var innom og henta to nye bøker. Eg bestiller bøkene før dei kjem ut, så eg er ofte først til mølla. Eg låner nesten kva som helst av lydbøker, så rippar eg dei inn på PC-en og les etter kvart. No har eg mange bøker liggande der, men leverer originalane tilbake.
I dag kom er heim med "Brudekisten" av Unni Lindell og "De fem årstidene" av Gaute Heivoll, sistnemnde er ein fantastisk forfattar. Han skriv korte bøker, som ein aldri gløymer.
Nils fekk ein del sei i dag, så det vart kokt småsei til middag, ein rett vi har relativt ofte. Men vi har ingen ting imot det.
I morgon skal vi til Sæbø i gravferd, og laurdag ventar vi Margrete & Co til middag. Margrete skal stille ut Charlie på kvalpeutstilling her i Ørsta.
I morgon reiser ei gruppe pensjonistar på tur til Island . Håper dei får det fint!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:29.august
Klokka er no 17.48, og temperaturen ute er +14 grader C. Eg har ikkje vore ute i dag, men eg trur det har vore opplett- men ikkje sol. Eg h...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar