Klokka er 20.15. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er overskya, men stort sett opplett. Litt regn har det vore i løpet av dagen.
I dag har det vore ein "travel" dag for oss pensjoane. Eller innhaldsrik burde eg vel heller seie. Føremiddagen fram til ca 11.30 gjekk med til vanleg morgonstell og litt husarbeid. Så var vi på kulturhuset og laga i stand til pensjonistmøte frå kl.12-13 ca.
Då vi kom heim ringde vi til Einar, så han kom og åt lunsj med oss.Vi visste at han var i bygda.Ein liten pause på sofaen før vi stilte opp på Kulturhuset igjen. I dag dreia det meste av programmet seg om Alf Prøysen. Per Jansen kåserte og song i godt over ein time. Men som ei av veninnene sa: "Eg kunne godt høyrt på han ein time til." Litt allsong hadde vi også innimellom.Eg skulle ønske at fleire hadde fått høyre dette programmet.Eg er stolt av at vi kan by på så bra underhaldning i pensjonistlaget. Det er ikkje meg å takke.
Men stakkars meg! I morgon må eg sette meg til å skrive referat; problemet blir ikkje å ha noko å skrive om, men å velje ut det som skal vere med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar