tirsdag, september 16, 2014

Dagbok 2014: (15) og 16.september

Øygarden. Eg budde på arka i andre etasje.(Huset var mykje finare før det vart utstyrt med karnapp, altan etc.)

Klokka er 21.00, temperaturen er + 12 grader C. Det har vore så fint som den finaste sommardag-eller enda betre.
Vi har vore på ein to-dagars biltur; mest har vi trakka i gamle spor, det var i alle fall litt av poenget med turen.
Skuleåret 1959-60 hadde eg lærarvikarjobb på Karstad skule i Solheimsdalen i nærleiken av Førde. Den gongen var det ikkje bilveg til Førde og der var ikkje elektrisk lys. Då eg kom dit var det litt av eit sjokk for ein 19-åring som kom frå metropolen Nordfjordeid. Litt av ein kulturkollisjon. Etter det kom veg har vi vore tilbake eit par gonger, siste gongen snakka vi ikkje med nokon.Når ein lever på mange måtar isolert i eit slikt lite samfunn i unge år, er det mange ting som bit seg fast i minnet. Mykje hugsar ein, mykje hugsar ein feil, og noko er gløymt. Å komme til denne dalen er for meg som å prøve å skrue tida tilbake, og sjå att stadane ein hugsar. Eg plar seie at eg hugsar kvart menneske, kvart hus og kvar hund i heile dalen. Det er berre det at mange gamle hus er borte, mange av menneska, kanskje dei fleste, er døde, for ikkje å snakke om hundane.
Eg kjenner meg ikkje att, så best det er har vi køyrt inn til skulen-ikkje den skulen som var der i mi tid, men ein ny og større. Eg har sett den på bilde. Vi køyrer innover dalen så langt vegen går, og eg minnest den gongen vi gjekk over heia og ned til Førde på skuletur. Ut att tok vi mjølkebåten til Ervika, og gjekk dei siste 7-8 kilometrane heim att. Verken barn eller unge var redde for å bruke beina der i dalen.
Eg las på postkasser og fann nokre namn eg kjende, og då vi kom tilbake til skulen møtte eg ei som hugsa meg. Ho var ferdig med barneskulen den gongen, men eg hadde syster hennar som elev.Vi fekk grei orientering om det som hadde hendt "sidan sist". Det var også ho som fortalde meg kvar eg skulle finne Jorunn. Jorunn var eleven min då ho gjekk i fjerde klasse. No er ho ei vaksen dame på 65 år,og underviser på den nye skulen. Vi har hatt ein del kontakt på FB, så eg ville helse på henne. Vi sat på altanen deira og såg utover det vakre Karstadvatnet, og dei høge fjella lenger borte og prata om tida som var, og det som er no.
På tilbaketuren fann eg att Øygarden, der eg budde den lange mørke vinteren. Huset var ombygt og hadde fått ein annan farge og løa var ny. Men eldhuset der vi vaska klede og henta ved, det stod der som før. Fargen var raud no, grå den gongen.
For å komme til Solheimsdalen køyrde vi Kviven, så til Stryn, Loen, Olden og Innvik. Den kvite skodda som låg over fjorden alle stader lett litt etter kvart, men i Innvik og Utvik var den framleis grauttjukk då vi for forbi. Første stopp var Utvikfjellet, der vi åt nistemat, der var det strålande sol,og slik var det resten av turen.Vi køyrde lags Jølstravatnet til Førde og så tok vi vegen til Askvoll, med avstikkaren til Solheimsdalen. I Askvoll overnatta vi, og i dag køyrde vi tilbake ein anna veg. Vi køyrde til Dale-Bygstad-Førde- Naustdal-Hyen-Sandane-Lote- Nordfjordeid. Der skulle vi stoppe som snarast, men vart sittande å prate ganske lenge. Vi hadde god tid til ferja og stakk oppom Margrete, men ho var ute og lufta hunden.Vi hadde ikkje sagt ifrå om at vi kom.
Eg skal komme tilbake med bilde og meir fortelling om turen, men no er eg passelig susete i hovudet, så eg får utsette det så lenge.
Søskenbarnet mitt, Ellen Marie, fyller år i dag, og vi gratulerer!
Ho er nokre år eldre enn bilen vår som er eitt år i dag.

3 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt at de tok dykk ein tur! Nydeleg haust så langt!

arieldog sa...

Synd eg ikkje var heime - neste gong får de sende melding frå ferja! Artig at de tok ein slik mimretur.

Besta sa...

Jorunn, døtra på Øygarden, hadde flytta til Førde på eldre dagar(78)-så henne slapp vi å besøke. Men å sjå att dalen, er som å vakne opp av ein draum. Ingen ting er slik som ein trur.
Vi sat lenge på Hildegard og prata med Bodil og Svein, så det var ikkje så lenge vi kunne ha stoppa hos deg uansett. Vi trong å kome heim att.

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...