søndag, september 07, 2014

Dagbok 2014: 7.september



Klokka er no15.15. Temperaturen ute er +19 grader C, det er overskya og vi har sett nokre få regndropar. Fint og mildt vêr i alle fall.
I dag foreslo Nils ein tur rundt Bjørdalsvatnet - under litt tvil, for vi visste ikkje om det gikk an å forsere raset. For sikkerheits skuld gikk vi "feil" veg rundt, for så vart turen lang nok om vi måtte snu.Nils sette meg av så eg fekk begynne å gå, før han parkerte bilen lenger nede. Men han nådde meg aldri att! Eg gikk så seint eg kunne, og såg meg bak for kvar ti meter, men nei. Eg sette meg på den store, flate kvilesteinen og studerte raset på andre sida av vatnet.Men ingen Nils var å sjå. Då eg hadde gått langt og lenger enn langt, kom ham MOT meg i lag med ein flokk kyr. Han hadde teke ein snarveg og vore føre meg i løypa heile tida, men eg kom jo aldri......

Så gjekk vi vidare i lag med ein flokk kyr, mest kviger, som var ute og spaserte.

Så kom vi til RASET, og ingen av oss hadde lyst å snu; vegen tilbake var lengre enn vegen fram. Så her var det berre ein ting å gjere, forsere hindringa. Vi klatra over steinane, heilt ned i gjølet, og opp att på andre sida.Det gikk over stokk og stein, bokstavleg tala, men vi kom oss over med alle beina i behold.







Då vi nærma oss staden der bilen var parkert, såg Nils ein hegre som sat på ein stein i vatnet. Han påstår at han aldri har sett hegre i ferskvatn før.

Eg er glad for at eg let speilreflekskamera vere att heime i dag og fann fram eit gammalt lommekamera. Hadde ikkje kunna klatre over raset med eit stort kamera om halsen.
Då vi kom heim vart eg ståande oppe på vegen og prate med to naboar så lenge at Nils alt hadde ete lunsj då eg kom inn att. Middag skal vi ha seinare. I dag blir det sei, sidan vi hadde kjøt i går.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...