onsdag, august 06, 2014

Dagbok 2014: 6.august.



Klokka er 21.35. Temperaturen ute er + 18,5 grader C. Det er lettskya og fint. 
Før middag fekk eg gjort litt husarbeid, noko det var eit visst behov for, og så reiste vi til Hareid. Saka er at Audun og Håkon reiser  i morgon, i første omgang til Oslo, og så vart vi bedne til "avskjedsmiddag" med "mors kjøttkaker etter Håkon sitt ønske. Vi fekk sjølvsagt nydelig middag og dessert med kaffi til.
Og ikkje nok med det , vi fekk Taxfree-gåver egså. Eg fekk parfyme både av Olaug og Solveig, så no kjem eg til å lukte godt i tida framover får eg håpe. Hugsar ikkje sist eg hadde noko så eksklusivt.
Vi takkar for alle gode gåver og for alt godt.På heimturen var vi innom Bunnpris og handla litt, og akkurat då vi parkerte kom seglbåtane inn, det er regatta i Ørstafjorden kvar onsdag. Eg kom i hug ein song som var populær i min ungdom: "Red sails in the sunset".

I familien plar vi spøke litt om at det ikkje er lov å røre maten før den er blitt fotografert. Her ser vi syn for segn.
Desse to skal forlate heimen for ei tid, men heldigvis blir prinsessa heime og vinkar frå balkongen.
Dessverre er Gjenbruk stengt heile denne veka, men opnar att tysdag 12.august. Håper jentene tek seg ein tur til Ørsta likevel.

1 kommentar:

solveig sa...

Ja, framhald følgjer på bloggen min!

Nydeleg bilde av regattaen!

Dagbok 2024: 11.mai

Klokka er no 16.48,temperaturen ute er + 16 grader, det er overskya men ikkje nemnverdig dråper frå himmelen. I dag hadde eg tenkt å køyre f...