Klokka er 21.00, og sola skin, men ikkje her hos oss. Temperaturen ute er + 16 grader C. I dag dag vi hatt all slags vêr. Dagen starta nokså skya, etter kvart kom det både vind og regn, før det klårna opp ut på ettermiddagen.
I dag hadde vi ærend til Vik, blant anna på biblioteket. Men først var vi ein tur på El-kjøp og handla kaffi. Så køyrde vi bort på Tilseth og kjøpte ei skjærsminbuske som eg har ønska meg lenge utan å finne. Hadde ein skjærsmin i mange år, men så klipte eg den litt for mykje eit år, såpass at den døde.
Mat trong vi også litt påfyll av, og på biblioteket fekk eg med meg to bøker heim.
Eg hadde hausta all rabarbraen før vi for og kokt ei suppe, for det høyrer visst til når ein skal ha steikt makrell. Og det var det som stod på menyen her i dag.
Det blei eit herlig måltid. Nils hadde skore filetar og eg steikte på den gloheite induksjonsplata, såpass den vart så brunsvidd som eg vil ha den-og saftig inni. Hadde agurksalat og sylta rødbetar til.
Etterpå vart det lydbok på sofaen.
Så var vi ute og stelte litt i hagen, planta buska blant anna. Eg er litt frustrert over at eg ikkje kan gjere alt eg har lyst til-av hagearbeid altså. Sist vår kjøpte eg primulaer i potter, tre av dei vart planta ut og står og blomstrar no. Elles er det no tid for stauder, som vi har ein god del av. Men hagen vår er ikkje spennande utforma - det skal vere enkelt å slå !
Nils har tenkt seg ut på Rjåneset i morgon og sette liner, Han har ferdigegnde liner i frysaren sin.
Margrete og ungane er på veg heim med Charlie. Fekk melding frå Lærdal klokka 19.30, og då stod alt bra til med folk og dyr.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:19.august
NB: Eg har rydda bort dette no. I dag var dei og henta boss, og eg fekk av garde mykje, men her er enno noko att til neste gong-og det er ve...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar