Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 17 grader, det er overskya og skodde men stort sett opphald. Sist natt, og før middag i dag, kom det ein god del regn, og det gjorde berre godt. Eg går framleis rundt i ulltrøye og strikkalestar etc., så eg held heten!
Nils var ein tur bortom terminalen på ettermiddagen og fiska makrell, så no har vi eit måltid. Skal steike makrell i morgon, i dag hadde vi steikt laks. Vi brukar induksjonsplata når vi steiker feit fisk, for å få nok varme.
Mens Nils var ute og fiska, plukka eg jordbær, så det vart dessert då han kom heim.
Elles har det vore ein sløv dag. På føremiddagen hadde eg ikkje noko på programmet, så eg vaska og rydda nokre kjøkkenskuffer. Det er slutt på den tida då eg "tok" heile kjøkkenet på ein dag, no tek eg skuffer og skap etter behov, og knapt nok det.
Eg held på med ei gørrkjedelig krimbok, så eg dett ut og må spole tilbake i eitt kjør. Den er skriven av ei svensk dame,og minner mykje om Camilla Läckberg. Say no more. Så her får vi trøtte mødrer, babyar og ekteskaps-problem etc. Eg vil ha KRIM når eg les krim. Slik er det med den saken. Blir sikkert ferdig med boka i løpet av kvelden, så då blir det biblio i morgon. Så lenge det er fotball-VM og så lenge eg er såpass handikappa, blir det lesinga å ty til. Kunne i grunnen tenkt meg noko anna no i ferien.
No er Margrete og dei to yngste komne til Kongsberg, og Ingeborg har kome frå Kristiansand. Tippar der er rimelig livat! Og håper dei legg ut bilde i løpet av kvelden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar