søndag, juni 08, 2014

Dagbok 2014: 8.juni

Klokka er no 18.00 og temperaturen er + 16 grader C. Frå morgonen av var det sol og fint vêr, men så skya det til etter middag, og for ca ein time sidan begynte det å styrtregne. Det var ikkje måte på kor det ausa ned, det var som ei god gammaldags"toreflo". Stakkars dei "down under" - dei måtte stå under paraplyen og grille. 
Var ned i hagen tidleg på dag og tok bilde av valmuane som stammar frå bestemor sin hage på Eid. Eg bemerka at eg truleg ikkje har sett dei så oppeståande før; har ikkje kontrollert om dei framleis står.Det same gjeld riddarsporane, dei plar ikkje tole slike regnskyll.Uansett så gjorde det godt for alt som veks at det vert "degga" (vatna) som vi seier her.
Forma var rimelig dårlig då eg stod opp i dag, så eg fann ut at eg ville prøve med varme. På med svarte tights og ull -lestar, og eg trur det gjorde godt. Nils ville gå ein tur i skogen, så eg sette meg på altanen med ei bok.Det var litt skiftande skydekke, så det var ikkje så varmt, derfor tenkte eg at eg like godt kunne gjere noko nyttig. Så eg tok like godt og skifta på sengane og vaska soverommet. Så er det gjort.Vaska ei maskin med klede og hengde ut på altanen, der viser dei ikkje frå vegen.
Middagen vart særs lettvint i dag også, vi får heller kokkelere ein dag det ikkje er så fint vêr. Med slik appetitt som vi har, treng ikkje maten å vere så god.
Eg driv og skal lese ei bok om "Tirsdagsdamene"- på papir, men er ikkje så imponert, enno i alle fall. Har lese berre 100 sider til no.
Håper det blir fint i morgon for då er det preike og kyrkjekaffi ved Hovdevatnet. Det er tradisjon.Vi plar ikkje vere der, men det har hendt vi har gått tur i nærområdet.Eg unner alle som tek initiativ til noko at dei er heldige med vêret.

1 kommentar:

solveig sa...

Her er det preike med korpsmusikk på Melshornet. Vi pønskar på å fare,

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...