fredag, juni 06, 2014

Dagbok 2014: 6.juni

I dag fyller Olaug på Hareid 17 år. Bildet vart tatt på Krøvelsetra i oktober i fjor, då ho var med oss eit par dagar. Det året Olaug og Eirik vart fødde, var det utrulig fint og varmt vêr heile sommaren, også etter at skulen tok til sist i august. Vi får håpe at det blir slik i år også. Det har i alle fall begynt bra.
Vi gratulerer den kjekke jenta med dagen!

No er klokka 23.30, det er lettskya og + 16 grader C. Det har ikkje vore så mykje sol i dag, derimot har det regna aldri så lite. Eg har ikkje vore mykje ute, plagast med venstre fot og hofte, så eg tek det litt med ro. Før middag støvsuga eg teppegolva, mens Nils klipte plenane ovafor huset. Så var vi nedover, hadde ærend på biblioteket, men der var ikkje mykje å hente i dag. Så var det apoteket, og så måtte vi jo inn på Coop og bruke opp alle tilbodslappane. Vi såg at vi også denne gongen fekk tilbod på vanlig majones. Det stod vi over, for vi hadde handla lettmajones sist vi var der. No når vi får tilpassa tilbod, tener vi faktisk ein god del på å bruke lappane.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, eg har hatt litt arbeid med bilda eg tok i går, let dei gå gjennom eit forbetringsprogram for eg offentleggjer dei. Eg er ingen fotograf, berre knipsar i veg.Nils klipte graset nede i bakken.
Vi har ingen planar for pinsehelga enno, det kjem an på vêret kva vi finn på.
Ønsker alle ei GOD PINSE ! 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...