torsdag, mai 01, 2014

Dagbok 2014: 1.mai


Klokka har passert 18.30. Akkurat no er det lettskya og opphaldsvêr ute og temperaturen er ca + 7 grader. Sist natt var det minus 2 grader her hos oss og vi stod opp til kvite marker. Det snødde også då vi hengde ut flagget.
Det var ikkje 1.maitog her i Ørsta i år, så Nils var ikkje ute og gikk, men han var på ei tilstelling i Volda på ettermiddagen. Det var noko her nede også, men der var ikkje SV involvert, så derfor vart det Volda. Eg var ikkje med i år, men i fjor var eg der.
Eg brukte føremiddagen til vasking og støvsuging og litt klesvask. Det er fordi eg ventar besøk i morgon.
Mens Nils var i Volda prøvde eg å få lese litt i begge bøkene mine.
No har eg ein "heimelaga" Grandiosa i omnen, det blir middagen i dag.
Søskenbarnet mitt, Kjell, fyller år i dag. Vi er berre fire søskenbarn på morsida mi, tre gutar og eg. Ja, eg måtte tidlig lære å krige for rettane mine i slikt selskap. Kjell er den yngste av oss fire.
Eg veit han les bloggen min, så: Gratulerer med dagen, Kjell!

Her er garden i Innvik der Kjell og bror hans  vaks opp, og der vi var på besøk i alle sommarferiar då vi var små.Det var bror til mamma som dreiv garden i lag med foreldra sine. Mamma vaks ikkje opp her, for garden vart ikkje kjøpt før ho var vaksen.No er det dottera til Kjell som driv garden; Kjell bur i Stryn.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...