Klokka har passert 20.00; det er overskya, og temperaturen ute er + 5 grader C. Det ser ikkje ut til at det skal klarne opp til natta, så då slepp vi kanskje å vakne opp til snø og kulde i morgon. Ja, eg hadde ikkje store trua på dei ni snøfalla etter Sommardag, men no nærmar det seg.
I dag fyller "mellombror" på Kongsberg 8 år. Sidan vi ikkje kan vere i lag med han på dagen, samla vi oss her i Starevegen til familiemiddag. Vi fekk ikkje vere med på Eirik si feiring heller, sidan vi reiste til Kongsberg den dagen. Mange gode grunnar til å invitere dei som kunne komme til middag og dessert med kaffi her hos oss.
Nils og eg var nedover og handla tidlig på dag, resten av føremiddagen gikk stort sett med til matlaging. Menyen var lammesteik med div.tilbehør - og dessert. Vi var 10 til bords.
Vebjørn er ein livlig og aktiv krabat. Her har han lagt seg ned for ein liten kvil på tampolina, men som de ser av hårsveisen, har han ikkje lagt i ro lenge. På bildet øvst på sida har han bada og kledd seg om. Synd dei er så langt borte, skulle gjerne ha treft dei litt oftare.
No får vi berre seie: GRATULERER MED DAGEN; VEBJØRN.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: fredag 11. september
Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar