onsdag, april 30, 2014
Bok nr. 27 - 2014: Reykjaviknetter.
Erlendur har nettopp sluttet seg til politistyrken i Reykjavik. Det er travle tider i gatemiljøet, med trafikkulykker, tyverier, voldsepisoder og smugling. Et uforklarlig dødsfall kan ikke slutte å plage Erlendur. En boms han regelmessig møtte da han hadde nattskift, blir en dag funnet druknet i en grøft. Det virker ikke som noen bryr seg. Men skjebnen hans plager Erlendur og fører ham ned i byens merkelige og mørke underverden.
Reykjaviknetter handler om den aller første saken til Erlendur Sveinsson, politimannen vi kjenner fra Indridasons tidligere bøker.
"Et internasjonalt litterært fenomen - og det er lett å skjønne hvorfor. Romanene hans er gripende, ekte, skumle og lyriske." Harlan Coben
"… ikke bare en thriller, men en sterk og moderne historie om sorg og begjær." Morgunbladid
"Arnaldur i sin aller beste form, her er spenning og drama på hver side […] Dette er den islandske virkeligheten» Pressan.is
...............................................................................................
Eg meiner eg har lese alle bøkene om den islandske politimannen Erlendur. I dei bøkene eg har lese før denne, har Erlendur vore ein aldrande mann, men i denne boka tek forfattaren oss med tilbake i tid, til den første tida Erlendur var i Reykjavik, eg vil tippe at det er kring 1970.
Men eg kjenner igjen personen, han er den samme, berre yngre av år, i tankar og framferd er han den vi kjenner. Den som har omsut for alle, same kvar dei er på den sosiale rangstigen. Eg synest ikkje denne boka er spesielt spennande eller mystisk, men det er noko med desse bøkene eg likar. Eg likar den lågmælte forteljestemmen og eg likar Erlendur. Eg likte denne boka, men den er langt frå den beste i serien - etter mi meining.
Lasse LIndtner les godt, men både han og andre opplesarar har ein tendens til å drage u-en for langt i dei islandske -durnamna. Alle som har høyrt lydbøkene forstår kva eg meiner.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 20. desember
Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar