søndag, mai 18, 2014

Dagbok 2014: 18.mai.

Sola er borte her, men skin på andre sida av fjorden.

Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er + 21 grader C og det har vore ein strålande dag. Lettskya, mykje sol, og litt vind.
I dag følte vi trang til litt mosjon etter ein stillesittande dag med mykje mat i går. Vi hadde turmålet klart, i dag skulle vi på Ytre-Hovdeåsen. Indre-Hovdeåsen er der Aasentunet ligg, altså åsen mellom E39 og Hovdevatnet. Ytre-Hovdeåsen ligg mellom Hovdevatnet og Ørstafjorden.
Sist vi var der borte såg vi at det var laga bilveg oppå åsen; vi har gått der før, men då var der berre ein stig. Bilvegen er laga på grunn av alt tømmeret som er frakta vekk. Noko tok stormen og la ned, og mykje har dei saga. Hadde aldri trudd der var så mykje granskog. Vi sette ifrå oss bilen i første sving og gikk på beina, og med stavar, så langt som vegen gikk. Tilbaketuren tok vi delvis på ein gammal stig gjennom skogen. Det var ingen lang tur, men vi fekk skrive namna våre på to trimpostar!
Eg hadde ikkje med meg kamera, for når eg skal gå med stavar, har eg nok å bere på.

Då vi kom heim, åt vi litt og så la vi oss ut på altanen til soling. Eg har lege der ganske mykje i dag, og såleis fått lese ut lydboka mi. Innimellom har eg teke inn og hengt ut klesvaskar, det har vore godt tørkevêr i dag.
Eg har problem med begge datamaskinene i dag, så det blir av og til litt dumme feil, og det er ikkje sikker eg oppdagar alle.
Nils snakkar om å prøve å komme seg på sjøen i morgon, og eg har ein del husarbeid å ta fatt på. Det vart mykje slinger i valsen i veka som gjekk. Blir det like fint vêr i morgon, skal eg i alle fall vere mest mulig ute.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...