tirsdag, april 29, 2014

Dagbok 2014: 29.april




Klokka er snart 19.00.Det er mykje sol, men også lette skyer på himmelen. Temperaturen er + 9 grader, og det er iskald nordavind.
I dag var eg litt i tvil om kva eg skulle satse på av aktivitetar, men så bestemte Nils at vi skulle ut og gå tur. Vi fann ut at vi skulle gå Kanalvegen igjen, og ikkje køyre ut til Vinjevoll slik vi plar gjere, men gå heimanfrå. Og det gjorde vi: Ut Starevegen, gjennom skog og over ei bru ut til vegen som går opp i Skåla.Så gjekk vi ned og opp att Kanalvegen og same ruta heim att. Det gikk heilt fint, til tross for at Skålavegen er veldig bratt for slike som meg. Det var fint å gå i dag sidan det var så kjølig.
Då vi gikk ut mot elva kom eg til å tenke på ein gong for mange år sidan, då Einar, Audun og eg var i same området og plukka blåbær. Dvs. det var no helst Einar og eg som plukka......Det vart i alle fall ei heil bøtte full.
Då vi kom heim tok vi ein liten biltur. Nils har nemlig ikkje gitt opp håpet om å dyrke bringebær, men vi har kjøpt for 100-vis av kroner i plantar, utan å lykkast. I dag kom eg på at sist sommar fann eg så nydelige bringebær på ein vegkant. Vi køyrde dit og tok nokre plantar, så no spørs det om dei vil trivast i god jord. Der dei stod var det berre sand og stein.
Middagen i dag vart veldig lettvint: hardkokte egg og eit glas "Fjellsild", som var innkjøpt til jul! (Sjekka datoen). Vi flirer alltid litt av namnet Fjellsild, det virkar heilt malplassert, men der er tyttebær i laken, så det må vere derfor. Forresten er den silda veldig god.
Etter maten la vi oss ut på altanen og sov middag/ las-det var bra varmt ei stund.
Eg har i grunnen ikkje gjort så mykje nyttig i dag, prøver å vere mest mulig ute når vêret er bra.
No har eg nettopp vore ute og tatt bilde, og sidan det ikkje er så mykje fint i hagen vår akkurat no, tok eg heller eit bilde av naboen si skråning.Det gjorde eg visst i fjor også.
I dag fekk vi bilde frå Kongsberg, no er leikestativet ferdig. Det var mange detaljar som skulle på plass."Monstermasta" på taket har ingen ting med byggverket å gjere.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her blæs det i dag. Olaug har nettopp kome heim med mykje god sjokolade, så her er det innekos før eg skal i eit telefonmøte.

Besta sa...

Det blæs kald vind her også.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...