Klokka er 21.00, temperaturen + 9 grader C og det regnar. Det er berre bra at alt som veks får ei lita bløyte, berre det ikkje held fram å regne i vekesvis. I mai er det mange fridagar, konfirmasjonar etc.så då vil vi helst ha sol og finevêr.
I går oppdaga er til min skrekk at sertifikatet mitt var gått ut. Då eg var til legen i fjor til kontroll fekk eg det berre for eitt år. Eg veit at det er nye bestemmelsar no, og at ein ikkje treng legeattest før ein er 75 år, men Nils var heilt sikke på at eg ikkje kom innunder den ordninga. I full fart skreiv eg eit brev til legen min og leverte i luka, og så ringde ho meg opp etter kontortid.Ho sa at eg ikkje trong ny attest i år, men neste år! DÅ måtte eg bestille dobbeltime for det var fire store skjema som skulle fyllast ut! Dette skriv eg for å åtvare alle som har tenkt å behalde sertifikatet sitt etter fylte 75 år.
I dag hadde Nils eit ærend til Volda, han mangla nokre fiskekrokar, og så blei eg med. Men eg kjøpte ingen ting. På heimvegen var vi oppom Plantasjen og kjøpte 10 sekkar mold for 299,-kr. Vi tykte vi gjorde ein god handel.
Etterpå var vi innom Amfi der eg kjøpte kalktablettar og mat. Og så trefte vi sjølvsagt kjentfolk som vi snakka med. Eg er ikkje spesielt glad i kjøpesenter, men Amfi fungerer veldig fint som møteplass.
Då vi kom heim begynte eg på middagen. Hadde tenkt på noko anna, men når ein rotar seg vekk på rek, var det greitt å gripe til kjøttkakene eg laga i går. Som ein variasjon laga eg kålstuing til. Margrete kom litt før halv fire, etter å ha levert Amanda på ballettskulen. Sakna sjølvsagt å ha ungane her, men det lagar seg kanskje eit høve seinare i veka.
No har eg begynt på lydbokversjonen av Reykjaviknetter, lese av Lasse Lindtner. Eg likar bøkene om Erlendur, og når L L les blir det nesten som eit gammaldags "høyrespel", han er fabelaktig flink.
Så har eg sett MGP på TV og der var heller lite å glede seg over. Men eg må vel innsjå at eg er litt ute på dato når det gjeld musikksmak også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar